Isaiah 31:3
Og egyptarane er menneskje og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si, og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla, og dei skal alle saman ganga til grunns.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 32:8Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia.
Psalms 33:17Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.
Isaiah 9:17Difor kann ikkje Herren gleda seg yver ungdomarne deira og ikkje heller hava medynk med dei farlause og enkjorne; for alle saman so er dei gudlause og gjer det vonde, og kvar munn talar dårskap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
Isaiah 20:6Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»
Isaiah 30:7Slett ikkje og aldri vil Egyptarland hjelpa; difor kallar eg det: «Storskrytaren som sit still».
Isaiah 36:9Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du på egyptarane, på vognerne og ridarane deira!