Isaiah 31:4
For so sagde Herren til meg: Liksom ei løva og ei ungløva burar yver rovet sitt, når ein flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje rædd for ståket, soleis skal Herren, allhers drott, fara ned og strida mot Sions fjell og mot høgdi der.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:14Herren vil strida for dykk, og de skal halda dykk stille.»
Numbers 24:8Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.
Psalms 125:1Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.
Isaiah 12:6Ropa av frygd og fagnad, de som bur på Sion! For stor er Israels Heilage hjå dykk!»
Isaiah 30:32Og kvar gong straffestaven som Herren let falla på honom, fer ned, skal det ganga fyre seg med klang av trummor og cithrar, og i stridar mot det med svingande arm.
Isaiah 42:13Ut gjeng Herren som ei kjempa, eggjar harmen som ein stridsmann, herrop lyfter han og skrik, ter si magt mot sine motmenn.