Isaiah 31:8
Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneskje til, skal øyda honom, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:15Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert og fint, so bøygde han rygg under byrdi, og vart slik ein trugen træl.
2 Chronicles 32:21Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
Isaiah 10:16Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
Isaiah 10:33Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.
Isaiah 17:13Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm.
Isaiah 30:27Sjå, Herrens namn kjem langt burtanfrå, brennande er vreiden hans, og svær er røyken som stig upp; lipporne hans svell av harm, og tunga hans er som øydande eld,