Isaiah 33:24
Og ingen ibuar skal segja: «Eg er sjuk.» Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:26Og han sagde: «Høyrer du vel etter ordi åt Herren, din Gud, og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle loverne hans, so skal du sleppa alle dei sjukarne, som eg hev lagt på egyptarane; for eg, Herren, vil vera lækjaren din.»
Deuteronomy 28:27Egyptarsotti sender Herren yver deg, kaunar og skabb og sårke, utan lækjevon;
Isaiah 30:26Og måneljoset skal verta som solljoset, og solljoset skal verta sjufaldt, som ljoset for sju dagar, den dagen då Herren bind um bråtet som folket hans hev fenge, og lækjer såret av slaget det fekk.
Isaiah 58:8Då skal ljoset ditt renna som morgonroden, og din lækjedom koma brått, og di rettferd skal ganga fyre deg, og Herrens herlegdom sist i ferdi.
Jeremiah 50:20I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, vert det leita etter Israels misgjerning, men ho skal ikkje lenger vera til, og etter Judas synder, men dei skal ikkje finnast; for deim som eg let vera att, gjev eg til.
Micah 7:18Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn.