Isaiah 34:6
Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar. For ei offerslagting held Herren i Bosra og ei stor nedslagting i Edomlandet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 1:44Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah frå Bosra, vart konge i staden hans.
Isaiah 34:5For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen. Sjå, yver Edom skal det fara ned og yver mitt bannstøytte folk til dom.
Isaiah 63:3«Eg trødde persa åleine, og ingen av folki var med meg. So trødde eg på deim i vreide og trakka deim sund i min harm. Då skvatt deira blod på klædi mine, og eg sulka heile min klædnad.
Jeremiah 49:13For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
Jeremiah 51:40Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar.
Ezekiel 21:10Til å halda slagting med er det kvest, og til å blikta som eldingen er det blenkt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt, som vanvyrder alt tre?