Isaiah 35:1
Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 97:8Sion høyrer det og gled seg, og Judas døtter fagnar seg for dine domar skuld, Herre.
Isaiah 27:6I komande dagar skal Jakob røta seg, Israel bløma og få renningar og fylla jordheimen med si frukt.
Isaiah 29:17Er det ikkje endå ei liti stund, so skal Libanon verta til ein frukthage og frukthagen verta rekna som skog?
Isaiah 40:3Høyr, det ropar: «Brøyt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud!
Isaiah 51:3For trøyst vil Herren gjeva til Sion, trøyst til alle ruinarne hennar. Audheidi hennar gjer han til Eden, og øydemarki til Herrens hage. Gleda og frygd skal finnast der, lovsong og jubeltonar.
Isaiah 55:12Ja, med gleda skal de draga ut og verta førde i fred. Fjell og haugar skal setja i med fagnadrop fyre dykk, og alle tre på marki skal klappa i hender.