Isaiah 35:4
Seg til dei urolege hjarto: «Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!
5Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;
Cross References
Joshua 1:6Ver sterk og stød! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg lova federne deira å gjeva deim.
1 Chronicles 28:20Og David sagde til Salomo, son sin: «Ver sterk og stød og tak fat på verket; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. For Gud Herren, min Gud, skal vera med deg. Han vil ikkje sleppa deg og slå handi av deg, fyrr det er fullført, alt arbeidet som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.
Psalms 116:11Eg sagde i min ræddhug: «Kvar mann er ein ljugar!»
Isaiah 25:9Og den dagen skal dei segja: «Sjå der er vår Gud! Me vona på honom, at han skulde frelsa, dette er Herren som me vona på. Lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans.
Isaiah 28:16Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg er den som hev grunna i Sion ein stein, ein prøvd stein, ein dyrverdig fast grunna hyrnestein; den som trur, tek det med ro.
Isaiah 32:4hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.