Isaiah 36:7
Og svarar du meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 12:2Der som dei folki de tek landet frå, hev dyrka gudarne sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjell og på haugar og under sigrøne tre.
2 Kings 18:4Han fekk burt offerhaugarne, slo sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-stolparne, og knasa koparormen som Moses hadde laga; for alt til den tid hadde Israels-borni brent røykjelse for honom, og dei kalla honom Nehustan.
1 Chronicles 5:20Og dei fekk siger i striden, so hagarenarne og alle som var med deim, kom i deira hender; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, av di dei leit på honom.
2 Chronicles 30:14Dei tok seg fyre å få burt dei altari som fanst i Jerusalem, og tok burt offerstadarne og kasta deim i Kidronsdalen.
2 Chronicles 32:7«Ver hugheile og modige, ottast ikkje og ræddast ikkje for assyrarkongen og heile den hopen han hev med seg; for med oss er det ein som er større enn den som er med honom!
Psalms 22:4Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.