Isaiah 37:27
Folki deira vart veike og valne, skalv og stod til skammar. Det gjekk deim som graset på marki og grøne urtar, som vokstrar på taket, som kornåker fyrr han hev skote.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
28Eg veit når du sit, gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.
Cross References
Numbers 14:9Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!»
Psalms 37:2For liksom gras vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.
Psalms 92:7Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.
Psalms 127:1Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt.
Isaiah 19:16På den tidi skal Egyptarland vera som kvinnor; det skal bivra og ræddast for den lyfte handi åt Herren, allhers drott, som han lyftar imot det.
Jeremiah 5:10Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.