Isaiah 37:36
Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
35Eg vernar denne by og bergar honom, for mi skuld og for Davids skuld, min tenar.»
37Då tok assyrarkongen Sanherib ut og drog burt og snudde heim att, og heldt seg sidan i Nineve.
Cross References
Exodus 12:23For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa.
2 Samuel 24:16Men då engelen rette ut handi yver Jerusalem og vilde tyna det, so angra Herren det vonde. Og han sagde til engelen som tynte folket: «Det er nok! Drag no handi di attende!» Og Herrens engel var då ved treskjarvollen åt jebusiten Aravna.
1 Chronicles 21:12anten svolt i tri år, eller manneøyding i tri månader, av di fiendarne dine søkjer åt, og du ikkje kann koma undan sverdet deira - eller Herrens sverd og drepsott i landet i tri dagar, med di Herrens engel gjer eit tjon i heile Israels land.» Tenk no etter kva svar eg skal gjeva honom som hev sendt meg!»
2 Chronicles 32:21Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
Job 24:24Høgt stig dei, brått - dei er’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
Psalms 35:5Lat deim verta som agner for vind, og Herrens engel støyte deim burt!