Isaiah 37:4
Kann henda høyrer Herren, din Gud, det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att.»»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5Då hirdmennerne frå kong Hizkia kom til Jesaja,
Cross References
Joshua 14:12So lat meg no få denne fjellbygdi, som Herren tala um den gongen; du høyrde sjølv på det. Der bur anakitarne, og der er store byar med høge murar ikring. Men eg trur visst Herren vil vel vera med meg, so eg fær slege deim under meg, soleis som han hev sagt.»
1 Samuel 12:19Og heile folket sagde til Samuel: «Bed til Herren for tenarane dine, so me ikkje skal døy, for di me hev auka synderne våre med den misgjerningi at me kravde ein konge!»
1 Samuel 14:6Jonatan sagde med våpnsveinen sin: «Kom, lat oss klyva yver til utposten åt desse u-umskorne! kann henda vil Herren hjelpa oss. Det er ingen ting i vegen for at Herren kann gjeva siger anten dei er få eller mange.»
1 Samuel 17:36Hev no tenaren din felt både løva og bjørn, skal det ganga nett like eins med denne u-umskorne filistaren; for han hev svivyrdt fylkingarne åt den livande Gud.»
2 Kings 17:18Difor vart Herren ovleg harm på Israel og støytte deim frå seg. Det vart inkje att einast Juda-ætti.
2 Kings 19:4Kann henda høyrer Herren, din Gud, alt det Rabsake hev sagt, han som er send av assyrarkongen, herren sin, til å svivyrda den livande Gud, so han straffar honom for dei ordi som Herren, din Gud, hev høyrt. Ber då fram ei bøn for den leivning som endå er att!»»