Isaiah 37:7
Eit hugskot skyt eg i hugen hans; han høyrer ei tiend, og heim att snur han; der let eg honom falla for sverd i sitt land.»»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 32:21Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
Job 15:21I øyro rædsletonar ljomar; fyrr han veit av, kjem tynaren.
Isaiah 10:16Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
Isaiah 17:13Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dynja. Men han trugar deim, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli, dei kverv som fjom i storm.
Isaiah 30:28og vreidepusten hans er som ei yverfløymande bekk, som når til halsen; han vil sælda heidningfolki i tyningssåldet og leggja eit vildringsbeisl i munnen åt folki.
Isaiah 33:10No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg gjera meg høg.