Isaiah 40:11
Som hyrding gjæter buskap sin, han sankar deim i armen, smålambi ber ved barmen, og leider møderne vart og lint.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:24Men han stend med sin boge so stødt, og røyver armarne raust: Hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, der! - hjå hyrdingen, Israels berg,
Psalms 28:9Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød deim og ber deim til æveleg tid!
Psalms 80:1Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme.
Isaiah 49:9Du skal segja til fangar: «Gakk ut!» Til deim i myrkret: «Kom fram!» Attmed vegarne skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beite.
Ezekiel 34:12Likeins som ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauerne sine, soleis vil eg sjå til sauerne mine. Og eg vil berga deim frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.
Ezekiel 34:16Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.