Isaiah 40:9
Stig upp på høge fjellet, du Sion, fagnadbod! Lat røysti ljoma sterkt, Jerusalem, du gledebod! Lat ljoma, ræddast ei! Seg det til Judas byar: «Sjå der er dykkar Gud!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Graset visnar, blomen folnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg.»
Cross References
1 Samuel 26:13Då David var komen på hi sida, steig han fram på ein fjellknaus langt burte, so det var langt imillom deim.
Ezra 1:1I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
Isaiah 25:9Og den dagen skal dei segja: «Sjå der er vår Gud! Me vona på honom, at han skulde frelsa, dette er Herren som me vona på. Lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans.
Isaiah 35:4Seg til dei urolege hjarto: «Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.
Isaiah 51:7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk med mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskjespott, og ræddast ikkje deira hæding.
Isaiah 52:6Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som taler: ja, her er eg.