Isaiah 41:10
ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 15:1Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.»
Exodus 14:13Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Statt no her og sjå den hjelpi som Herren vil senda dykk i dag; for likso visst som de ser egyptarane i dag, likso visst skal de aldri sjå deim meir i all æva.
Deuteronomy 31:6Ver sterke og djerve! Ræddast ikkje, og skjelv ikkje for deim! For Herren, din Gud, gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg.»
Joshua 1:9Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»
2 Samuel 22:19Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min.
2 Chronicles 20:17Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»»