Isaiah 41:18
På haugar let eg elvar renna, og midt i dalar ollor springa, eg heidi gjer til klåre sjø og turre landet til kjeldevang.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 15:19Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi.
Psalms 78:15Han kløyvde berg i øydemarki og let deim drikka som av store vatsdjup.
Psalms 107:35Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor.
Isaiah 12:3Og med fagnad skal de ausa vatn or frelse-kjeldorne!
Isaiah 32:2og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.
Isaiah 35:7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.