Isaiah 43:3
For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 10:7Då sagde hirdmennerne med Farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snara for oss? Lat no folki fara, so dei kann tena Herren, Guden sin! Ser du ikkje endå at Egyptarlandet vert øydelagt?»
2 Chronicles 14:9Og ætiopen Zerah drog ut imot deim med ein her på tusund gonger tusund mann og tri hundrad stridsvogner, og han kom til Maresa.
Proverbs 21:18Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.
Isaiah 30:11vik burt frå vegen, bøyg av frå råsi, få Israels Heilage burt frå augo våre!»
Isaiah 45:14So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.»
Isaiah 45:21Forkynn og seg frå! Ja, lat deim berre samrådast! Kven hev kunngjort slikt frå fordom, meldt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud. Ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg.