Isaiah 44:26
Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
27Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»
Cross References
Exodus 12:29So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen.
1 Kings 18:36Og ved grjonoffer-tidi steig Elia, profeten, fram og sagde: «Herre, Abrahams og Isaks og Israels Gud! Lat det verta ålkjent i dag at du er Gud i Israel, og at eg er tenaren din, og at eg hev gjort alt dette etter bod ifrå deg!
2 Kings 7:18Og det gjekk so som gudsmannen hadde sagt med kongen: «Fire settungar bygg skal dei få for ein dalar, og tvo settungar fint mjøl for ein dalar, på torget i Samaria i morgon dette bilet.»
Ezra 2:70Prestarne og levitarne og nokre av lyden, songarane, dørvaktarane og tempelsveinarne, sette då bu i sine byar, og heile Israel elles busette seg kvar i sin by.
Nehemiah 2:3og eg sagde til kongen: «Må kongen liva æveleg! Kvi skulde ikkje eg stura når byen der federne er gravlagde, ligg i røys, og portarne der er uppbrende?»
Psalms 69:36For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim. Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.