Isaiah 44:5
Ein segjer: «Eg høyrer Herren til,» ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren,» og brukar til ærenamn Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4Dei skal veksa upp millom graset som pilar ved bekkjefar.
Cross References
Deuteronomy 26:17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
Nehemiah 9:38På grunn av alt dette gjer me eit fast samband, som me skriv upp; og på det forsigla brevet stend: Hovdingarne, levitarne og prestarne våre.
Isaiah 2:3Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.
Micah 4:2Og mange heidningefolk skal ganga av stad og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell og til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss um vegarne sine, og me kann ferdast på stigerne hans.» For ifrå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord ifrå Jerusalem.
Zechariah 13:9og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk;» og dei skal svara: «Herren er min Gud.»
Galatians 6:16Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel!