Isaiah 45:13
Det er eg som honom hev vekt i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg. Han skal byggja min by og senda mine landlyste heim, og det utan vederlag, utan betaling, segjer Herren, allhers drott.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 36:23«So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere Herren, hans Gud, med honom, og han drage upp dit!»»
Psalms 65:5Sæl er den som du vel ut og let koma nær, so han bur i dine fyregardar; me vil metta oss med det gode i ditt hus, ditt heilage tempel.
Isaiah 41:2Kven vekte frå auster honom som siger fylgjer for fot? Kven gjev honom folk til eiga og kongar til rådevelde? Kven gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos?
Isaiah 42:6Eg, Herren, hev deg i rettferd kalla, eg tok deg i handi, eg varar deg og gjer deg til folkepakt og til ljos for heidningar,
Isaiah 46:11Eg som kallar ørnen frå aust, langt burtanfrå mannen som fullfører mi råd. Som eg hev sagt det, so let eg det koma, som eg hev tenkt det, eg set det i verk.
Isaiah 48:15Eg, eg hev tala, ja hev kalla honom, eg hev late han koma og få lukka på ferdi.