Isaiah 45:19
Ikkje i løyndom hev eg tala, ein stad i myrke-land; ikkje hev eg sagt til Jakobs-ætti: Leita etter meg fåfengt! Eg, Herren, talar rettferd, forkynner det som er rett.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 29:29Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.
Deuteronomy 32:4Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
2 Chronicles 7:14og folket mitt, som er uppkalla etter namnet mitt, då bøygjer seg og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå si vonde ferd, då vil eg høyra frå himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.
Ezra 8:22Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
Psalms 12:6«For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.»
Psalms 19:9Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.