Isaiah 46:2
Dei sig og stupar alle saman, dei kann ikkje berga byrdi, og sjølv lyt dei fara or landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 18:17og dei fem mennerne som hadde vore der i landet og spæja, gjekk upp på garden og inn i gudshuset, og tok gudsbilætet og gullkåpa og husgudarne og det støypte fotstykket, med presten stod i portledet hjå dei seks hundrad fullvæpna mennerne.
2 Samuel 5:21Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim.
Isaiah 37:12Kunde vel folkegudarne berga sine folk, som federne mine øydde ut: Gozan og Haran og Resef og Edens-sønerne som er i Telassar?
Isaiah 44:17Resten av det gjer han til ein gud, til sin avgud som han bøygjer seg for og bed til, og han bed soleis: «Frels meg, for du er min gud!»
Jeremiah 43:12Og eg vil kveikja eld på gudehusi i Egyptarland, og han skal brenna deim upp og føra gudarne burt. Og han skal sveipa Egyptarlandet um seg, likeins som hyrdingen sveiper kappa si um seg. Og sidan skal han fara derifrå i fred.
Hosea 10:5For kalven i Bet-Aven er Samaria-buarne ottefulle. Ja, folket hans syrgjer yver honom, og prestarne hans skjelv for honom, for herlegdomen hans, av di han er førd burt ifrå honom.