Isaiah 46:7
Dei tek han på nakken og ber honom burt og set honom på sin plass, so stend han der og flyt seg ikkje av flekken. Ropar ein til han, so svarar han ikkje, or naudi bergar han ikkje.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Tenk på det, og vert støde, de fråfalne, tak det til hjarta!
Cross References
Judges 10:12Og då sidonarane og amalekitarne og maonitarne plåga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå deim og.
1 Samuel 5:3Då Asdod-folki kom dit tidleg morgonen etter, fekk dei sjå Dagon liggja å gruve på golvet framanfor Herrens kista; dei tok då Dagon og sette honom på staden sin att.
1 Kings 18:29Då det leid yver middag, rasa dei til fram imot grjonoffer-tidi; men det kom ingen ljod, og ingen svara, og ingen brydde seg um deim.
Isaiah 37:38Ein gong han heldt bøn i huset åt Nisrok, guden sin, hogg sønerne hans, Adrammelek og Sareser, honom ned med sverd. Dei kom seg undan til Araratlandet, og Asarhaddon, son hans, vart konge i staden hans.
Isaiah 45:20Samle dykk og kome, kome saman hit, de som er att av heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sitt trebilæte og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.
Jeremiah 2:28Kvar er då gudarne dine som du gjorde deg? Lat deim risa upp um dei kann hjelpa deg når du er i naud! For gudarne dine, Juda, er vortne likso mange som byarne dine.