Isaiah 47:6
Eg var harm på mitt folk, vanhelga min arvlut og gav deim i dine hender. Men du viste ikkje medynk. Jamvel på gamlingar la du ditt tunge ok.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Du sagde: «Eg skal alltid vera Æve-dronning,» du la ikkje det på hjarta, tenkte ikkje på endelykti.
Cross References
Deuteronomy 28:50eit hardleitt folk, som ingen age hev for den som gamall er, og ingen medynk med den som er ung;
2 Chronicles 10:11Hev difor far min lagt eit tungt ok på dykk, so skal eg gjera oket dykkar endå tyngre; hev far min tukta dykk med svipor, so skal eg tukta dykk med skorpionar!»»
2 Chronicles 36:17Han sende kaldæarkongen imot deim, og han drap deira unge mannskap med sverd i det heilage huset deira og sparde korkje unggut eller ungmøy, gamall eller gråhærd. Alt gav han i hans hand.
Ezra 5:12Men federne våre gjorde Gud i himmelen harm; difor gav han deim i henderne på Babels-kongen, kaldæaren Nebukadnessar; han lagde huset i øyde og tok folket med til Babel.
Isaiah 10:6Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.
Isaiah 14:17han som gjorde jordkringen til ei øydemark, jamna byarne med jordi, og som aldri gav fangarne heimlov?»