Isaiah 48:14
Kom saman alle og høyr: Kven av deim hev kunngjort dette? Han som Herren elskar, skal gjera hans vilje mot Babel og vera hans arm mot kaldæarfolket.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Eg, eg hev tala, ja hev kalla honom, eg hev late han koma og få lukka på ferdi.
Cross References
Genesis 49:2Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, kom og høyr på Israel, dykkar far!
Isaiah 13:17Sjå, eg eggjar mot deim medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull.
Isaiah 43:9Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!»
Isaiah 44:28Eg segjer til Kyrus: «Min hyrding!» Han skal fullføra all min vilje og til Jerusalem segja: «Vert bygd! Og templet verta grunnlagt!»
Isaiah 45:20Samle dykk og kome, kome saman hit, de som er att av heidningfolki! Uvituge er dei som ber på sitt trebilæte og bed til ein gud som ikkje kann frelsa.
Jeremiah 50:21Mot Meratajim-landet - far upp mot det og mot deim som bur i Pekod! Øyd deim og bannstøyt deim, når du set etter deim, segjer Herren, og gjer i heilt upp som eg hev bode deg!