Isaiah 48:18
Å, vilde du lyda på mine bod! Då vart din fred som elvi og di rettferd som havsens bylgjor.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:29Var det vit i deim, vara dei seg; for då visste dei kvar det bar av.
Psalms 81:13So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
Psalms 119:165Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.
Isaiah 45:8Lat det drjupa, de himlar, ovanfrå, og skyerne renne med rettferd! Jordi late seg upp, so frelsa kann bløma og rettferd renna med same! Eg, Herren, skaper det.
Isaiah 66:12For so segjer Herren: Sjå, eg leider fred til henne som ei elv, og herlegdomen hjå folki som ein fløymande bekk, og de skal få suga; dei skal bera dykk på armen, setja dykk på fanget og kjæla med dykk.
Matthew 23:37Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje.