Isaiah 48:4
For eg visste at du er hard, at nakken din er som ei jarnspong og panna di som kopar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
Because I knew that thou art obstinate, and thy neck is an iron sinew, and thy brow brass;
In Context
Cross References
Exodus 9:7Og Farao sende bod, og då hadde det ikkje døytt eit einaste liv av israelsfeet. Men Farao sette hardt imot hardt, og meinka folket å fara.
Exodus 33:3Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for de er eit hardkyndt folk! eg kunde koma til å gjera av med dykk på vegen.»
Deuteronomy 10:16So bøyg då den stride hugen dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!
2 Kings 17:14Men dei lydde ikkje. Dei var likso hardnakka som federne sine, som ikkje trudde på Herren, sin Gud.
2 Chronicles 36:13Attpå gjorde han uppreist imot kong Nebukadnessar, som hadde teke honom i eid ved Gud; og han var ein stivnakke og gjorde hjarta sitt hardt, so han umvende seg ikkje til Herren, Israels Gud.
Nehemiah 9:28Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong.