Isaiah 49:12
Sjå, dei kjem langt burtanfrå! sume frå nord og sume frå vest og sume frå sinesar-landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11og alle mine fjell vil eg gjera til veg, og mine stigar skal byggjast høge.
Cross References
Psalms 22:27Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psalms 72:17Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl.
Isaiah 11:10På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg.
Isaiah 11:12Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.
Isaiah 43:6Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende,
Isaiah 66:19Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki.