Isaiah 49:22
So segjer Herren, Herren: Sjå, eg lyftar mi hand for heidningarne, og reisar mitt merke for folkeslagi, so kjem dei med sønerne dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 22:27Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
Psalms 72:8Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.
Psalms 86:9Alle heidningar som du hev skapt, skal koma og tilbeda for di åsyn, Herre, og dei skal æra ditt namn.
Isaiah 11:10På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg.
Isaiah 14:2Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.
Isaiah 49:12Sjå, dei kjem langt burtanfrå! sume frå nord og sume frå vest og sume frå sinesar-landet.