Isaiah 49:5
«Men no,» segjer Herren, som hev gjort meg til tenar frå moderliv til å føra Jakob attende til han, so Israel kann samlast til han - og eg vann æra for Herrens augo, og min Gud, han vart min styrke -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Nehemiah 8:10Og han sagde til deim: «Gakk no og et den beste mat, og drikk den søtaste vin de hev! Og send gåvor til den som inkje hev! For denne dagen er heilag for vår Herre. No skal de ikkje syta. Gleda i Herren er dykkar faste borg!»
Isaiah 11:12Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.
Isaiah 43:4For di du er dyr for meg, du er mykje verd, og eg elskar deg, difor gjev eg menneskje burt for deg og folkeslag for ditt liv.
Isaiah 50:4Herren, Herren hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med ord. Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer mitt øyra til å høyra på læresveins vis.
Isaiah 56:8So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla.
Matthew 11:27Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.