Isaiah 5:13
Difor lyt folket mitt fara i utlægd fyrr det varast, storkararne lida hunger, og dei skrålande skarar ormegtast av torste.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 17:6I niande styringsåret åt Hosea tok han Samaria og førde Israel burt til Assyria og busette deim i Halah, ved Gozanåi Habor, og i byarne i Media.
Proverbs 10:21Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit.
Isaiah 1:7Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.
Isaiah 42:22Men det er eit plundra folk, herja folk, alle bundne sit i hol og i fangehusi løynde. Herfang er dei, og hev ingen frelsar, ran, og ingen segjer: «Gjev det att!»
Jeremiah 14:3Storfolket deira sender sine undergjevne etter vatn; dei kjem til brunnarne, men finn inkje vatn; deira kjerald kjem tome attende. Dei kjenner seg skjemde og vonbrotne og sveiper inn sine hovud.
Lamentations 4:4Sogbarns-tunga kleimer seg til gomarne av torste; småborni bed um brød, men ingen etlar deim noko.