Isaiah 5:29
Han burar som løva, han murrar som ungløvorne; burande grip han sitt rov og ber det burt, og det er ingen som bergar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:9Ein løveunge er Juda! Frå herjing kjem sonen min heim: Som ei løvemor legg han seg ned, kven vågar av kvildi han vekkja?
Psalms 50:22Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser.
Isaiah 31:4For so sagde Herren til meg: Liksom ei løva og ei ungløva burar yver rovet sitt, når ein flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje rædd for ståket, soleis skal Herren, allhers drott, fara ned og strida mot Sions fjell og mot høgdi der.
Isaiah 49:24Kann ein taka herfanget frå ei kjempa? Eller fangarne sleppa frå den som hev siger-retten?
Jeremiah 4:7Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.
Jeremiah 50:17Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein.