Isaiah 50:4
Herren, Herren hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med ord. Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer mitt øyra til å høyra på læresveins vis.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Eg klæder himmelen i svart og sveiper honom i syrgjebunad.
5Herren, Herren hev opna mitt øyra, eg var ikkje strid og drog meg’kje undan.
Cross References
Exodus 4:11Då sagde Herren til honom: «Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?
Deuteronomy 18:18Ein profet vil eg reisa upp for deim av deira eige folk, ein som du, og leggja ordi mine i munnen hans, og han skal tala til deim alt det eg segjer honom fyre.
Psalms 5:3Lyd til mitt rop um hjelp, min konge og min Gud! For til deg bed eg.
Psalms 45:2Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.
Psalms 143:8Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!
Proverbs 25:11Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.