Isaiah 51:13
Og du gløymer Herren, din skapar, himmel-utspanaren, jord-grunnfestaren, og ræddast stødt all dagen for valdsmanns vreide! Når han siktar på øydeleggjing, kvar er då valdsmanns vreide?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 15:9«Eg eltar deim, eg tek deim att, eg skiftar feng,» sa’ fienden. «Eg vil metta mitt mod, eg vil svinga mitt sverd, eg vil øyda deim ut.»
Esther 5:14Då sagde Zeres, kona hans, og venerne hans til honom: «Lat deim gjera ein galge, femti alner høg, og bed kongen i morgon um å få hengja Mordokai i den! So kann du fara glad til gjestebords med kongen.» Denne rådi lika Haman godt, og han let deim gjera galgen i stand.
Job 9:8som eine spanar himmeln ut og fram på havsens toppar skrid,
Job 37:18Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel?
Psalms 37:35Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv.
Psalms 102:25Eg segjer: Min Gud, tak meg ikkje burt midt i mine dagar! Frå ætt til ætt varer dine år.