Isaiah 51:4
Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov gjeng ut ifrå meg, og min rett eg set til ljos for folki.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:6Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.» Desse ordi skal du tala til Israel.»
Psalms 33:12Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.
Psalms 78:1Ein song til lærdom av Asaf. Lyd, mitt folk, på læra mi, legg øyra til det munnen min talar!
Psalms 147:20Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!
Isaiah 2:3Og mange folk skal bu seg til ferd og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, at han må læra oss um sine vegar, so at me kann ganga på hans stigar!» For lovlæra skal ganga ut frå Sion, og Herrens ord frå Jerusalem.
Isaiah 42:1Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki.