Isaiah 51:8
For mol skal deim eta som klæde, og åt skal deim eta som ull. Men æveleg varer mi rettferd, og mi frelsa frå ætt til ætt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 4:19enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.
Isaiah 45:17Israel vert frelst ved Herren med æveleg frelsa, de vert ikkje til spott og skam i alle ævor.
Isaiah 50:9Sjå, Herren, Herren, han hjelpar meg, kven er det som domfeller meg? Sjå, alle skal morkna som klædeplagg, mol skal eta deim upp.
Isaiah 54:9For som Noah-flaumen er dette for meg. Som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg.
Daniel 9:24Sytti vikor er fastsette for folket ditt og for den heilage byen din, innan brotet vert fullenda, og synderne tek slutt, og misgjerningarne vert sona, og ei æveleg rettferd førd fram, og innan syn og profetord vert stadfeste, og ein høgheilag heilagdom vert salva.
Luke 1:50frå ætt til ætt hans miskunn når mot deim som ottast honom.