Isaiah 54:3
For du skal breida deg til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 28:14Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle folk på jordi velsignast.
Psalms 72:8Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.
Isaiah 11:9Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.
Isaiah 42:1Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki.
Isaiah 49:8So segjer Herren: I nådestundi eg bønhøyrer deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg varar deg og gjer deg til folkepakt, til å attreisa landet og utskifta øydelagd odelsgrunn.
Isaiah 49:18Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg hit til deg. So sant eg liver, segjer Herren, du skal hava deim alle på deg til prydnad og binda deim um deg til brurebelte.