Isaiah 54:4
Ottast ikkje, for du skal ikkje turva skjemmast, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje turva raudna. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og spotti frå enkjestandet skal du’kje minnast meir.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 11:16då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.
Isaiah 29:22Difor, so segjer Herren so til Jakobs hus, han som løyste ut Abraham: No skal Jakob ikkje verta til skammar, og no skal han sleppa verta bleik i andlitet sitt.
Isaiah 41:14Ver urædd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! «Eg hjelper deg», er Herrens ord, og Israels Heilage deg løyser.
Isaiah 51:7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk med mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskjespott, og ræddast ikkje deira hæding.
Isaiah 65:16Den som signar seg i landet, skal signa seg med truskaps Gud, og den som sver i landet, skal sverja ved truskaps Gud, for dei fyrre trengslor er gløymde og løynde for augo mine.
Ezekiel 16:22Og i alle dine styggjor og din hordom kom du ikkje i hug dine ungdomsdagar, då du var berr og naki og låg og sprala i ditt blod.