Isaiah 55:13
I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 5:6Eg vil gjera honom til ei øydemark; han skal aldri verta kvista eller graven, men han skal gro full av torn og tistel, og skyerne vil eg bjoda dei skal ikkje senda regn yver honom.
Isaiah 41:19I heidi let eg cedrar veksa, akasja, myrt og oljetre, på snaudheid eg cypressa set i lag med alm og edelgran,
Isaiah 54:10Ja, um fjelli vik og haugarne svigtar, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje svigta, segjer Herren som miskunnar deg.
Isaiah 60:17Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.
Isaiah 61:3til å gjeva dei syrgjande i Sion høgtidskruna for syrgjebunad, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds eiker, Herrens plantning til herleggjering.
Jeremiah 13:11For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.