Isaiah 57:15
For so segjer han som er høgt upphøgd, han som trunar æveleg og heiter «Heilag»: I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er broten og nedbøygd i åndi, for eg vil vekkja åndi til liv hjå dei bøygde, og hjarta til liv hjå dei brotne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Og det skal verta sagt: «Brøyt, brøyt, jamna veg, tak kvar støytestein burt frå vegen åt mitt folk!»
Cross References
Exodus 15:11Kvar er, Herre, dei gudar som med deg kunde kappast? Kven er vel lik som du med heilag æra prydd? Kven er so ageleg og hev so fræge verk og store under gjort?
Exodus 40:34Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
Deuteronomy 33:27Ei borg er den eld’-gamle Gud; hit ned når hans evige arm. Dine uvener driv han burt, og segjer åt deg: «Øyd ut!»
1 Kings 8:27Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
2 Chronicles 34:27Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Gud då du høyrde ordi hans mot denne staden og folket her, av di du audmykte deg for mi åsyn og reiv sund klædi dine, og gret for mi åsyn, so hev eg og bønhøyrt, segjer Herren!
Job 22:29Gjeng vegen ned, du ropar: «Upp!» Han hjelpar den bljug-øygde mann.