Isaiah 58:7
Ja, at du bryt ditt brød åt den svoltne, tek heimlause stakarar til deg, at du klæder den nakne du ser, og ei dreg deg burt frå ditt kjøt og blod?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:2og sagde: «Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, og gjev dykk til hjå meg i natt, og två føterne dykkar. So kann de vera tidleg uppe i morgon og taka på vegen att.» Og dei sagde: «Nei, me vil vera ute på torget i natt.»
Judges 9:2«Kjære dykk,» sagde han, «tala til alle Sikems-mennerne, og seg: «Kva er best for dykk: at sytti mann, alle sønerne åt Jerubba’al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk?» Og kom so i hug at me er same folket!»
2 Chronicles 28:15Og dei mennerne som er nemnde, tok fangarne, klædde deim som var nakne ibland deim med det dei hadde til herfang, gav deim klæde og skor, gav deim mat og drikka, salva deim og sette deim som var utarma uppå asen og førde deim til Palmebyen, Jeriko, til brørne deira; og deretter snudde dei attende til Samaria.
Job 22:7den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne negta du ditt brød.
Job 31:19Såg eg ein stakar utan klæde, ein fatig utan yverplagg,
Proverbs 11:17Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.