Isaiah 59:12
For synderne våre mot deg er mange, og våre misgjerningar vitnar imot oss; ja, synderne våre hev me i minne, og våre misgjerningar veit me um:
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 9:6og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels.
Nehemiah 9:33Du er rettferdig i alt det som hev kome yver oss. Du hev synt deg trufast. Me hev fare ugudleg åt.
Isaiah 3:9Sjølve andlitssvipen deira vitnar imot deim, og liksom i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si. Ve deira sjæl! For dei valdar seg sjølv ulukka.
Jeremiah 3:2Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.
Jeremiah 5:25Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
Jeremiah 14:7Um våre misgjerningar vitnar mot oss, so gjer då miskunn for ditt namn skuld! For mange er våre fråfall, mot deg hev me synda.