Isaiah 59:13
Me hev falle ifrå og neitta Herren, me hev gjenge burt frå vår Gud; me hev tala um trælking og fråfall, hev teke upp og sagt ut or hjarta ljugarord.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 78:36Men dei gjølte for honom med sin munn, og laug for honom med si tunga.
Isaiah 5:7For vinhagen åt Herren, allhers drott, er Israels hus, og Juda-folket er hans kjæraste plantning; men når han venta lov, fann han rov, og når han venta rettferd, fann han uferd.
Isaiah 32:6For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.
Isaiah 57:11Kven var du rædd og ottast, sidan du var so utru og ikkje tenkte på meg og ikkje brydde deg um meg? Er det ikkje so: Eg hev tagt i lange tider, difor ottast du ikkje meg?
Jeremiah 2:13For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
Jeremiah 2:17Hev du ikkje sjølv valda deg dette, med di du vende deg frå Herren, din Gud, då han vilde leida deg på vegen?