Isaiah 61:11
For som jordi sin grode let renna, og hagen sitt sæde let veksa, so let Herren, Herren rettferd renna og lovsong for alle folks åsyn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 1:11Då sagde Gud: «Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre, som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag!» Og so vart det.
Psalms 72:16Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi.
Song of Solomon 4:16«Vakna, nordanvind, kom, du sunnanvind, gjenom hagen min blås, so angen fær strøyma, og venen til hagen sin kjem og et si kostelege frukt!»
Isaiah 55:10For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit fyrr det hev vatna jordi og gjeve henne grokraft og grøda, ja, gjeve såkorn og brødkorn,
Isaiah 60:18Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.
Isaiah 62:2Og folki skal sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom, dei skal kalla deg med eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.