Isaiah 63:17
Kvi let du oss vildra, Herre, frå dine vegar? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so me ikkje ottast deg? Vend att for dine tenarar skuld, for ætterne i din arvlut!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
18Eit lite bil hev ditt heilage folk havt si eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.
Cross References
Deuteronomy 2:30Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren, din Gud, hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva honom i dine hender, som han longe hev gjort.
Psalms 74:1Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?
Psalms 90:13Vend um, Herre! Kor lenge? Og lat det gjera deg vondt for tenarane dine!
Psalms 119:36Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!
Isaiah 6:10Gjer hjarta hardt på dette folket, gjer øyro dauvhøyrt og gjer augo blinde, so dei ikkje ser med augo eller høyrer med øyro eller skynar med hjarta, og vender um og vert lækte.»
Isaiah 29:13Og Herren segjer: Etter di dette folket held seg nær til meg med munnen og ærar meg med lipporne sine, men held hjarta sitt langt burte frå meg, og deira otte for meg er eit menneskjebod som dei hev lært,