Isaiah 65:10
Og Saron skal verta til saue-beite og Akorsdalen til læger for fe, til gagn for mitt folk som søkjer meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 7:26Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver honom; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.
Isaiah 33:9Landet folnar, visnar; Libanon stend skjemd, folnar burt; Saron er som den aude mark; og Basan og Karmel rister lauvet av seg.
Isaiah 51:1Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjell de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor!
Jeremiah 33:12So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg.
Hosea 2:15So vil eg derifrå gjeva henne att vinhagarne hennar, og gjera Akordalen til eit vonarled. Der skal ho syngja som i ungdomsdagarne sine, og som då ho for upp frå Egyptarlandet.