Isaiah 65:9
Men let avkjøme koma frå Jakob, frå Juda ein erving til fjelli mine, mine utvalde skal erva landet, og der skal mine tenarar bu.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 11:11Og på den dagen skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, det som er att frå Assyria og Egyptarland og Patros og Ætiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrenderne.
Isaiah 32:18Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
Isaiah 60:21Og ditt folk, dei er alle rettferdige, æveleg skal dei landet eiga, dei er renningen av mi planting, verket av mine hender til mi æra.
Isaiah 65:22Ikkje skal dei byggja og ein annan bu, ikkje skal dei planta og ein annan eta; for folket mitt skal nå same alder som treet, og mine utvalde skal få njota det dei sjølv hev verka med sine eigne hender.
Jeremiah 33:17For so segjer Herren: David skal ikkje vanta ein ettermann som kann sitja på kongsstolen åt Israels hus.
Ezekiel 36:12Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause.