Isaiah 66:1
So segjer Herren: Himmelen er min stol, og jordi mi fotskor. Kva hus vil de då byggja åt meg, og kvar skulde vera min kvilestad?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 7:5«Gakk av stad og seg med David, tenaren min: «So segjer Herren: Etlar du byggja hus der eg skal bu?
1 Kings 8:27Men kann då Gud i røyndi bu på jordi? Sjå, himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt.
2 Chronicles 2:5Det huset som eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.
Psalms 11:4Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni.
Psalms 132:7Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!
Jeremiah 7:4Lit ikkje på ljugarord, når dei segjer: «Dette er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel.»