James 1:17
All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil frå faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Far ikkje vilt, mine kjære brør!
Cross References
Genesis 1:2Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni.
Genesis 41:16Og Josef svara Farao og sagde: «Eg råder ikkje for det. Gud vil visst gjeva eit svar som spår lukke for Farao.»
Exodus 4:11Då sagde Herren til honom: «Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?
Exodus 36:1Og Besalel og Åhåliab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei veit korleis kvar ting skal gjerast, dei skal då laga til alt som skal arbeidast åt heilagdomen, etter det som Herren hev sagt.»
Numbers 11:25Og Herren for ned i skyi, og tala til Moses, og let dei sytti gjæve mennerne få av den åndi som var yver honom. Då hende det at med same åndi let seg ned yver deim, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje.
Deuteronomy 4:19Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og månen og stjernorne, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du bed til deim og dyrkar deim, deim som Herren, din Gud, hev gjeve åt alle folk under heile himmelen!