James 2:25
Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
24De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru.
26For liksom likamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.
Cross References
Joshua 2:1Josva Nunsson sende i løynd tvo spæjarar ut frå Sittim, og sagde til deim: «Tak av stad, og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko!» So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
Joshua 2:6Dette sagde ho; men ho hadde sjølv fylgt deim upp på taket, og løynt deim under noko lin som ho hadde breidt utyver der.
Joshua 2:19Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av deim som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
Joshua 6:22Men Josva sagde til dei tvo mennerne som hadde njosna der i landet: «Gakk inn i huset åt skjøkja og få med dykk ut både kvinna sjølv og alt folket hennar, soleis som de hev lova henne!»
Matthew 21:31Kven av dei tvo gjorde no det faren vilde?» «Den fyrste,» svara dei. Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Tollmenner og skjøkjor kjem fyrr inn i Gudsrike enn de.
James 2:18Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar!